Hopp til innholdet
Arrangementer i Tynset
Musikk

Ingebjørg Bratland

Når
Lørdag 27. februarkl. 19:00–20:30
Hvor
Tynset kulturhus, StorsalenTorvgata 1, 2500 Tynset · Veibeskrivelse ↗
Pris
625 kr

Om arrangementet

Vi lovar ein kveld du seint vil gløyme, med ein av landets aller dyktigaste formidlarar i sentrum.

Med krystallklar røyst og ei utstråling som treff midt i hjartet, har Ingebjørg Bratland med rette vorte omtala som ein nasjonalskatt. Vinje-bygdingen er evig knytt til udøyelege låtar som «Jul i Svingen» og «Fordi eg elskar deg», men også låtar som «Ingen som du» og «Di Ingebjørg» er prov på Bratland si samlande musikalske kraft på tvers av generasjonar. 

Når Ingebjørg Bratland står på scena oppstår det noko heilt eige. Det siste året har Ingebjørg vore høgaktuell på fleire frontar. Fyrsteplass på Spotify med låta «Baby, du er rå!», saman med Hagle, samstundes som ho kvar veke sjarmere nasjonen som mentor i TV 2-suksessen The Voice, for å nemne noko.

Etter fleire år med ei rekordlang rekkje utselde konsertar saman med Odd Nordstoga, startar no eit nytt musikalsk kapittel for Bratland. Denne kvelden får publikum oppleve Bratland på sitt aller beste, med både kjende og nye songar, historieforteljing og ei formidlingsevne som fyller heile rommet.

Vi lovar ein kveld du seint vil gløyme, med ein av landets aller dyktigaste formidlarar isentrum.

---

Dørene og baren åpner én time for konsertstart.

Velkommen!

Passer for
Passer alle

Hvor

Tynset kulturhus, Storsalen

Torvgata 1, 2500 Tynset

Veibeskrivelse (åpnes i ny fane)

Flere i Tynset

Se alle →